Torgersen 2010
Svar frå vatn
Eg har rådført meg med straumførande kablar
om den sorg som finst
i ei innhegning.
Eg har snakka lenge med eit vassfall
om den glede som finst
den staden ein forsvinn
ut i noko:
tomt seier ein
fullt seier annan,
den tredje seier lite som om han veit
noko om sorg og glede.
"Beist" - publisert 18.11
Les flere dikt på Diktkammeret.no
View Printer Friendly Version
Reader Comments